nonlenfrdeites

Aktivitetssenter

Publisert . Sist endret . Posted in Aktivitetssenter

Aktivitetssenteret ligg i Åseralsheimen. Målet med senteret er å gi eldre og funksjonshemma som bur heime eit meiningsfylt dagtilbod. Dagsentertilbodet er eit førebyggjande tiltak for at brukarane skal kunne bu heime.

Aktivitetssenteret og ope hus for brukarar i heimetenestene, men og for andre som ynskjer å ha sosialt samvær med folk i bygda. Her ønskjer ein å skape eit miljø der den einskilde skal kunne vere saman med andre, styrkje det sosiale nettverket og delta i meiningsfulle aktivitetar i og utanfor huset. Besøksadresse  til aktivitetssenteret er Bordalsbakken 10. Tilbodet kan og vere ei avlastning for pårørande.
Opningstidene er tirsdager og torsdager, mellom kl.08.30-15.00.

Bruk av aktivitetssenteret er gratis. Skyss skal foregå ved drosje, og det vil bli ein eigenandel ved kjøp av måltider.

Aktivitetssenteret er ikkje ein lovpålagt teneste, det vil sei at det er frivillig å delta og bruka senteret.

Kontaktinformasjon

Åseral kommune telefon 38285800

Samarbeidspartnare

Barnehagen, skule, psykososialt team

Lover

Dagtilbod er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytes for å dekke et hjelpebehov som gir rett til tenesten etter helse- og omsorgstenesteloven.

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-3 (Helsefremmende og forebyggende arbeid)

Forskrift til lov om sosiale tjenester kap. 8 ( Vederlag for sosiale tjenester og for opphold i institusjon mv.)

Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)