nonlenfrdeites

Minne kultursenter

Publisert . Sist endret . Posted in Minne kultursenter

Sommaren 2010 blei Minne Åseral kultursenter opna. Senteret synar Åserals kulturarv og kulturliv, med ei arkeologisk utstilling, bygdemuseum, kunstutsal, turistinformasjon, filmsal med lokalhistoriske dokumentarar, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein mellom anna kan nyte utekonsertar. Gjennom året arrangerast det faste og skiftande utstillingar og arrangement. Minne er ein møteplass kor folk treffast fast kvar veke, Åseral husflidslag har faste aktivitetar for born og vaksne, Åseral frivilligsentral har tilhaldsstad her og lokale lag og foreiningar lånar lokale.

Generell info

Minne Åseral kultursenter
Dagleg leiar: Tor Reidar Austrud
Besøksadresse: Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
Postadresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Telefon: 38 28 58 60
E-post:
Nettstad: www.minnekultursenter.no
Facebook: Minne Kultursenter

Opningstider

www.minnekultursenter.no / www.facebook.com/Minnekultursenter

MERK: Minnes heimeside er for tida ikkje i drift. Me arbeidar med saka.
Inntil vidare får du all viktig informasjon på vår facebook-side.

Opningstider

Sommar 2017, 1 - 30. juli: Måndag-sundag kl. 12:00-17:00
Elles ope onsdag-fredag kl. 10:00-16:00