nonlenfrdeites

Kulturminnevern

Publisert . Sist endret . Posted in Kulturminnevern

Åseral kommune kan gje tilskot til bevaring av faste kulturminne. Hovudmålet med tilskotet er å bevare deler av det opphavlege miljøet i bygda.

Tilskotet finns i to formar:

a. Tilskot kan gjevast til bustadhus, slik som når huset er ein del av eit spesielt miljø ein meiner ein må taka vare på.

b. Tilskot til vøling og oppattbygging av andre bygningar og anlegg av kulturhistorisk interesse.

Private eigarar av freda bygningar, anlegg og kulturmiljø kan søke Fylkeskonservatoren i Vest-Agder om tilskot frå Riksantikvaren sine middel. Fylket har og ei eiga ordning ein kan søka på. 
Meir informasjon om desse ordningane finn du her: Tilskot frå Riksantikvaren og tilskot frå Fylkeskonservatoren

Generell info

Kontaktperson: Tove Utengen – kulturkonsulent
Postadresse: Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Besøksadresse: Minne kultursenter, Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
Telefon: 38 28 58 61
E-post:

Korleis søkje

Ikkje eige skjema for søknad
Søknadsfrist: 1. januar kvart år, men søknader kan sendast inn heile året.
Merk at søknad om tilskot må godkjennast før tiltaket kan settast i gang. Me ber om at kommunen kontaktast i god tid før arbeidet er planlagt, slik at staden kan synfarast av kulturkonsulent, eventuelt saman med representant frå fylkeskommunen. I tillegg vil politisk handsaming av søknadane ta noko tid. 

 

RELEVANTE SKJEMA

pdfRetningsliner for tilskot til kulturminne