nonlenfrdeites

Idrett

Publisert . Sist endret . Posted in Idrett


Kommunen har gjennom kommuneplanar, reguleringsplanar og avtalar med grunneigarar og frivillige organisasjonar gode areal og fasilitetar for idrett og friluftsliv. Private organisasjonar og selskap bidreg og betraktelig i kommunens tilbod. Åseral idrettslag har tilbod om allsidig aktivitet innan idrett og mosjon og deltek i planleggjing og drift av nye og eksisterande idrettsanlegg.

Åseral fleirbrukshall og idrettspark

Ligg lokalisert ved Åseral borne- og ungdomsskule.
Adresse: Bordalen 6, 4540 Åseral.

Åseral fleirbrukshall

- Symjehall (12,5m) Åseral idrettslag har ope tilbod om familieaktivitet i symjehallen fredagar i skuleåret, «Fredagsbading» 
- Skytterbane
- Styrkerom
- Idrettshall: Treningstider
- Liten gymsal
- Garderober
- Scene med teleskoptribune og ljod/ljosanlegg


ÅSERAL IDRETTSPARK

- Buldrevegg
- Fotballbane (11’ er bane med kunstgras)
- Grop for lengdehopp
- Spyd, diskos, kulestøt
- Løpebane 400m med hekker
- Ballbinge
- Utandørs fitnessanlegg (ferdig haust 2015)
- To volleyball baner, herav 1 sandvolleyball bane (ferdig haust 2015)
- Handballbane

For bruk/leige/aktivitet i Åseral fleirbrukshall, ta kontakt med:
Åseral kommune, ved Servicekontoret
Telefon: 38 28 58 00
E-post:

Organiserte aktivitetar hjå:
- Åseral idrettslag - www.aail.no
- Frisklivsentralen -
Frisklivsentralen
- Mental helse Åseral - Mental Helse Åseral
- Flir - Friluftsrådet for Lindesnesregionen - Flir

Andre idrettsanlegg:

Ski/turløyper:
- Ljosløype i Kyrkjebygd sentrum på 3,5 km
- 3 skisenter med alpint og fleire rundløypar for langrenn. Dei lengste på 20 km.
- Regionalt skiskyttaranlegg på Bortelid. Standplass til 21 skiver og asfaltert trasé for rulleski er under opparbeiding.
Badeplassar:
- Lislehylen ved rådhuset
- Lognavatn
Volleyballbanar:
- Sandvolleyball ved rådhuset og Lognavatn
- Uteområdet ved skulen (ferdig haust 2015)
Andre anlegg:
- Ein utandørs fjellklatrevegg på Bortelid. Parkering ved Bortelidtjønna. Er bolta, men resten av utstyret må du ha sjølv.
- Uteskuleplassen v/ Kyrkjebygd skule
- Ballbinge Grokleiv
- Grusbane Kylland grendehus