nonlenfrdeites

Friluftsliv

Publisert . Sist endret . Posted in Friluftsliv

Vi ynskjer deg velkommen til å bruke våre flotte naturområder og turstiar!

Åseral er med i det interkommunale samarbeidsorganet Friluftsrådet for Lindesnesregionen (FLiR) og er vertskommune for FLiR-kontoret. FLiR arbeider for å auke forståinga og interessa for friluftslivet i regionen og tilrettelegge for at alle skal ha gode mogelegheiter til å vere aktiv ute i naturen.

FLiRs nettside:
http://www.iflir.no
Dagleg leiar Randi Byremo, tel: 38285866
E-post:
FLiR er på Facebook og Instagram

FLiR samarbeider med kommunen, ulike lag og foreiningar, frivillige og ildsjeler rundt om, og vi har fleire tilbod i kommunen til dei som ynskjer å nytte seg av turområder, kanopadling, dagsturhytter, badeplassar, fiske og anna. Åseral kan by på fleire skiløyper og i tillegg har me 3 alpinsenter. Under viser vi til stader du kan finne informasjon om ulike aktivitetar.

På tur i åseral

Mange turområder på Ljosland, Bortelid og i Eikerapen er no godt merka etter nasjonal standard, slik at det er lett å finne fram. Vi har elles informasjon om turmogelegheiter liggande i turistinformasjonen på Minne kultursenter og på rådhuset (det finst og på fleire av reiselivsstadene):
- Turkort frå populære turar med lite kart og beskrivelse
- Turforslag sommar og vinter i heftet "Turist i Åseral"
- Turkart (2005) til sals
- Mange turforslag er digitalt registrerte på www.godtur.no
   GodTur finst og som app til din smart-telefon.

Turpostkonkurranse

Åseral er med i TellTur, Friluftsrådets turpostkonkurranse med digital registrering.
Her finn du TellTur-mål i Åseral kommune.
Her får du hjelp til å registrere deg
Her finn du informasjon om TellTur i Lindesnesregionen.

Fiske i Åseral

Åseral har mange fine fiskevatn. Du kan kjøpe fiskekort fleire stader i kommunen, eller kjøpe med visa eller Mastercard på www.scanatura.no eller på mobiltelefonen. Du kan laste ned fiskekart med meir informasjon her.
pdfFiskekart.pdf

Låne utstyr

Private og organisasjonar, skuleklassar og andre kan låne utstyr som kanoar, sitski, duosykkel, lavvo, telt, fiskeutstyr, bålpanner med meir hos Friluftsrådet, som har fleire ting på lager. Kontakt i god tid i forvegen om du skal vere sikker på at det er ledig. Meir informasjon om låneutstyr på www.iflir.no/utstyrsbase

NATURLOS

Naturlosane tek deg meg til kjende og ukjende stader, i nærområdet ditt eller i regionen. På naturlosturane er du på tur med kjendfolk som fortel om natur og kultur langs vegen eller i området. Du får fine opplevingar, tips til turar og kunnskap om natur og kultur. Her finn du turprogrammet for sesongen:
pdfNaturlos 2017